News & dates

Dagsavisen / 2. januar 2010 / Anmeldt av Ida Habbestad

Gamal slektskap

Den gjennomførte vekslinga mellom instrumentalstykke og folkesong gjer seg godt på Sinikka Langeland, Kåre Nordstoga og Lars Anders Tomter si nye plate,”MARIA´S SONG”

Prosjektet spring ut av eit arbeid Langeland har gjort med Maria – med det nordiske blikket på jomfrua i fokus. Som songaren skriv i coveret, er det mellom den enorme samlinga religiøse folketoner ikkje nødvendigvis mange av desse som tematiserer gudsmora: Maria vart reformert vekk då protestantane tok over, frå 1536 og fram . Ikkje desto mindre eksisterer eit utval, i Langeland si tolking med ein heilt karakteristisk let.

Songane er organiserte tematisk og presentert saman med stykke av Bach. Til songane om Maria bodskap er cellosuiten i g-dur – her for bratsj- spunne inn i mellom. Satsane syner seg særs godt eigna gjennom den opprivande, overveldande straumen av toner som møter oss. Orgelkonserten i d-moll, ei rekkje små bolkar, krinsar kring variantar av Maria lovsong: jublande, grunnleggjande – definitivt velplassert.

Kvar for seg er tolkingane gode – og utøvarane lukkast avdekkja kor liten avtstand det trass alt er, mellom verka frå tysk barokk og songane som er folkets eigne. Utgangspunktet i den tyske kulturen, like reformert som den nordiske, fangar også i seg eit nøkternt, nær protestantisk preg. Der ein skulle trudd at utøvarane gjekk saman og akkopagnerte kvarandre, tolkar dei stort sett kvar for seg. Slik vert opplevinga naken og reinsleg, samstundes som tolkingane sprudlar over av sanseleg overskot.

Når utøvarane så ein sjeldan gong finn saman- som i improvisasjonen mellom Langeland og Tomter heilt til slutt – er det som slektskapen smeltar ihop til eit større heile, til eit ornament som kronar plata. Dette er vakker lytting – ein lovande start på eit helit nytt tiår.

More news